Nytt styre og navn

På styremøtet 20. mars vart det gjort vedtak om å endre namnet på historielaget frå Sauherad Historielag til Saude og Nes Historielag. Bakgrunnen for namneendringa er kommunesamanslåinga i 2020, då Sauherad kommune vart slått saman med Bø til Midt-Telemark kommune. Namnet Sauherad er ei forenkling av det eldre namnet Saude herred, som var hovudsoknet i området. Nes herred (på dialekt Nesherad) var undersokn med felles prest. Med den nye kommunestrukturen ønskjer historielaget å løfte fram dei opphavlege namna på området vi dekkjer. Dette opplever vi som særleg naturleg for eit historielag med fokus på lokal historie og tradisjon.

Samtidig vart det gjort endringar i styret. Gitte Storhaug er vald som ny leiar, medan Peder Rekkedal har gått av som leiar men fortsett som styremedlem. Birgit Norendal (sekretær) og Torstein Fosstveit (kasserar) har òg gått ut av styret. Styret er utvida med eitt medlem, og nye medlemmer er Reidun Røland og Tor Arne Aarnes. Det vert retta ein stor takk til Peder Rekkedal for innsatsen som leiar, og til Birgit Norendal og Torstein Fosstveit for arbeidet dei har lagt ned i styret.

Vi arbeider no med å oppdatere profil og uttrykk i tråd med namneendringa. Dette inneber mellom anna ny logo, nytt domenenamn og oppdatering av namn på Facebook-sida og heimesida. Vi håpar på forståing for at dette kan ta litt tid før alt er på plass.

Det nye styret ser fram til vidare arbeid og håpar mange vil følgje oss i tida framover.