Vedtekter

§1: Sauherad Historielag har som føremål å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie frå fyrste tid til i dag.

§2: Inntil kultursoga for Sauherad er skriven, vil ein arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for denne, primært gjennom munnleg tradisjon.

§3: Alle som vil stø eller arbeide for dette føremålet kan bli medlemer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.

§4: Årsmøtet er høgaste organ i laget. Det skal innkallast av styret med minst 14 dagars varsel. På årsmøtet skal styret legge fram revidert rekneskap og årsmelding, likeins arbeidsprogram og budsjett for året som kjem.

§5: Årsmøtet vel kvart år innan utgangen av januar månad eit styre på 5-7 medlemer med 2-4 varamedlemer. Leiaren blir vald særskild av årsmøtet. Årsmøtet skal velja 1 revisor og to personar til valnemd. Styremedlemene blir valde for 2 år om gongen, slik at det på fyrste årsmøtet er 2 styremedlemer på val. Revisor og valnemd blir og valde for 2 år om gongen.

§6: Sauherad Historielag skal stå tilslutta Landslaget for lokalhistorie.

§7: Ved lovendring krevst 2/3 fleirtal, elles vanleg fleirtal. Dersom styret eller 1/3 av medlemene finn det nødvendig, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte.

§8: Vedtak om oppløysing av laget kan bare bli gjort på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal lagseigedomen tilfalle kommunen og nyttast i det lokale kulturarbeidet.

Sist endra på årsmøte i 2016