Årsmøte fredag 20. mars 2026 kl 1800-2100

Nye Sjodar på Evju bygdetun

Årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap og budsjet, val og planar for året. Framlegg til saker til handsaming må sendast til styret seinast 7 dagar før møtet.

Jan Meland, fruktkonsulent i ei årrekke i Midt-Telemark, vil halde eit 30 min foredrag om fruktdyrkinga i Sauherad frå omlag 1850 og framover.

Det blir rom for spørsmål og diskusjon og hyggeleg prat med kaffi og noko attåt.

Årsmelding og rekneskap finn du under her.

Vel møtt til medlemmer og andre interesserte.