Nesodd Ballklubb

Fotballen ser ut til å ha komme til Midt-Telemark som ein grendeaktivitet mellom 1910 og 1920. I denne perioden kom det opp ei rekke lag rundt om, deriblant Nesodd Ballklubb. Nesodd var eit godt lag som fleire hadde store problem med å slå. Tradisjonen fortel ellers om ein lystig kameratflokk med stor sans for dei små gleder. Da klubben blei nedlagt, blei klubbkassa tømt og investert i ei kasse whiskey. Fotballbanen låg nede i Nes-hamna. Posisjonen er tatt midt på banen. Hører til Nordre Nes/Prestgarden, gnr. 73. bnr.1. der den ligger under Floget.

Jordet der fotballbanen låg. Foto: Torbjørn Norendal okt.2013.

KJELDER:
Arnt Håtveit: Gvarv Idrettslag 75 år. 1994
Kulturminnegruppa på Nesodden
GNR/BNR: 173/1
POSISJON UTM32:  Øst:512835 Nord:6582179
SISTE ENDRING: 30.jan.2016
Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no