Bergenn u. Arud

Plassen Bergenn låg til Nord-Arud. Rollev Tollevsson frå Nord-Arud budde her med familie frå ca 1815. Dei hadde 10 barn der Tollev f 1816 tok over. Gamle Anne, hans mor var fødrådsenke her i 1865 og hans bror Olav Rolleivsson (1837-1916) som var skomakar, tok etter kvart over Bergenn.

KJELDER:
Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad bind II s.158 og 285
GNR/BNR:  28/2
POSISJON UTM32:  Øst:517895 Nord:6592330
SISTE ENDRING: 08.feb.2017
Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no

Johannes Arud ( f 1903) som var på plassen Bergenn som gutt, har fortalt dette om skomakaren Olav og Bergennplassen:

På plassen stod rundt 1910-1915 ein uthusbygning med mura gråsteinfjøs kvitkalka ute og inne. Fjøset hadde plass til to kyr og to grisar. Låven var til dragredskap og hadde høyrom på hver side med underlåve under låvegolvet. Et nokså velhalde bustadhus hadde ei passleg stor daglegstugu med spiss, som det stod ein ovn i. Veggane i stugo hadde rosemønstra tapet. Det var vel ikkje mange husmannsstugur på den tida som var i så god og triveleg stand som denne. På østsida av daglegstugo var kåvån. Denne var vel som kåvår flest, men på Bergenn var det skomakerverkstad i kåvån. Olav var ein flink skomaker som lappa sko og gjode mykje til folk vidt omkring. Etter den tidas standard hadde han god reiskap, blant anna skomakersymaskin. Han sydde derfor andre ting av lær enn sko og støvlar, blant anna skvettlær til reisekjerrer og skinnfellar.

Eldhuset på Bergenn låg oppe i bakken inntil fjellet i øst. Det var dels mura av flate små steinheller i ei høgde på rundt 1 meter. På steinmuren var det nokre omfar med tømmer. Eldhuset var, som alle dei andre husa på Bergenn, i uvanleg god stand. Over det heile låg ein dåm av kunst i den kultur som kom til syne i stort og smått, i utstyr og i bruk av sjøl dei fattigslege ting på husmannsplassen.

Olav Bergenn (født 1. august 1853 i Saude i Telemark, død 1896) var en norsk typograf og fagforeningsleder.

I sin ungdom oppholdt han seg i utlandet, men fra 1883 jobbet han som aksidenssetter i Oslo. I 1886 ble han valgt til formann i Den Typografiske Forening i Christiania, og et par år senere leder for Norsk Centralforening for Boktrykkere. Som fagforeningsleder sto han i spissen for den første store typografstreiken i Norge.

Bergenn hadde også litterære interesser, og skrev både en filosofisk avhandling og i 1891 et skuespill i tre akter: Den nye tid.

I årene før han døde redigerte han publikasjonen Nordisk Trykkeritidende som begynte å komme ut i 1891.

Olav Bergenn.