Langs Klevaråa

Det største vatnet i vassdraget er Vidsjå og ved utløpet her finst Vidsjådammen som er ein mura steindam med grime på toppen og som framleis ser intakt ut. Den er ca 3,5 m høg og har 3 luker. Damanlegget sto ferdig og blei truleg teke i bruk i 1914 som er samme året som vedtektene for fløtningsanlegget blei datera. Men utover på 1950-talet blei det meste av tømmeret etter kvart frakta langs skogsvegane og samvirket i Vidsjåanlegget mellom grunneigarane blei oppløyst i 1967.

KJELDER: Steinar Ingebretsen
GNR/BNR: 146/1
POSISJON UTM32:  Øst:512617  Nord:6591802 (Vidsjådammen)
SISTE ENDRING: 02.jun.2025.
Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside
www.kulturminnesok.no ?

Vassdraget har sitt utspring i Mjågetjønn og det myrlendte området rundt opp mot Roheimheia. Nedover i elva som til slutt munnar ut i Bråfjorden sud for Nautesund, finn vi fleire damanlegg og anna for fløtning av tømmer. Før skogsvegane blei gode nok til å frakte tømmeret på frå dei rike skogane her oppe, var dette den beste måten å få det ned på. Truleg har elva blitt nytta til framkomst av tømmer lenge før det anlegget vi ser i dag tok form og blei teke i bruk.

Det øverste anlegget finn vi ved Mjågetjønn. Dette var ein såkalla luke- og spøldam. Den blei sett opp for å samle opp mest mogleg vatn, og det flate og myrlendte terrenget rundt tjønna var godt eigna til føremålet. Elva gjekk så i nokså flatt terreng ned mot Vidsjå, og for å få tømmeret fram her blei det bygd steinmurar på begge sider av elva nedover for at tømmeret ikkje skulle stoppe opp. For å få endå meir vatn ned i Vidsjå, blei det og bygd dam i Nybu Svarttjønn som er eit lite sidevassdrag.

Tømmeret blei vidare fløtt frå Vidsjå og ned i oppdemde Bråtåtjønn eit stykke nedafor. Der var det ein nær 3 m høg tømra dam fylt med stein. Her er det ikkje store høgdeskilnader og når Bråtåtjønn blei fylt opp med vatn og Vidsjå blei nedtappa fekk desse nesten samme vasstand.  Rett nedafor Bråtåtjønn stuper elva ut i den 7-8 meter høge Bråtåtjønnfossen der det visstnok sto ei kvenn som blei nytta når det var for lite vatn for gardskvennene nede i bygda. Det er fyrst etter Bråtåtjønn at elva blir kalla Klevaråa.

Etter Bråtåtjønnfossen renn Klevaråa gjennom eit nokså flatt lende det fyrste stykket, men etter kvart blir det brattare og det er fleire fossestryk ned mot Gvanntjønn. Elva gjeng ikkje ned i Gvanntjønn men ligg litt sudvest for denne der ho møter elva frå Gvanntjønn. Her finst det og eit damanlegg som blei sleppt opp for å gje meir vatn under fløtninga.