Gvarv Skytterlag blei stifta i 1915. Skyttarhuset blei sett opp på starten av 1920-talet og blei rive rett etter krigen. Her blei det arrangert skyttarstevne frå 1915-1939 med oppsetting av vandrestaup som måtte vinnast tre gonger. Rolleiv Lønheim vant to vandrestaup som han fekk til odel og eige. Under stevna blei det selt suppe og brød i eldhuset hos Lars Flatland. Anna Kolstad og Ingebjørg Gaasdalen stod for salet.
KJELDER: |
Guro J. Fosstveit |
Ingrid Lia |
GNR/BNR: 83/5. |
POSISJON UTM32: Øst509909: Nord:6585329 |
SISTE ENDRING: 17.mar.2017 |
Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no |
På det første vandrestaupet står det:
Vandrestaup aat Gvarv skytterlag 1915.
H. Helkås 1915-1916, A. Braaten 1917, T. Aasen 1918-1919, N. Aasen 1920-1921, H. T. Kaasa 1922, H. Darrud 1923, Aug. Helkås 1924-1925, O. Aasland 1926, Aug. Moen 1927, A. Obrestad 1928, R. Lønheim 1929-1930-1931.
På det andre vandrestaupet står det:
Vandrestaup aat Gvarv skyttarlag 1932
R. Lønheim 1932-1936-1939, O. Timdal 1933-1935, Aug. Moen 1934, G. Dyrud 1937, J. Stensrud 1938.
Tyskarane bruka skyttarbanen til øvingsskyting under andre verdskrigen. Sjølv om dei sette opp plakatar om at det skulle vera øving på skyttarbanen, meinte mange at dei tok seg til rette. Dei ba om å få kjøpe mat av naboane og hadde kvileplassar i gardstuna. Eivind Lia tok til motverge mot dette på grunn av forstyrring av onnearbeidet og han fekk seinare problem under innhaustinga og innkalling til avhøyr hos tyske myndigheter.
På bakgrunn av dette er det urtruleg å sjå at i samme området, bare nokre hundre meter unna, hadde motstandsrørsla i Nesherad eit kamuflert våpenhus som var gøymestad for våpen og ammunisjon under krigen. Det var og to soveplassar i hytta som nå er rasa saman.

Bilde frå tunet i Solberg / Larskås. Ein ser skyttarhuset til venstre i bakgrunnen. Fotograf og personane på bildet ukjent. Bildet er frå midten av 1940-talet.

1000-meteren( pos:510367/6585657): 1000-meteren er mura opp av hoggen gråstein.
Foto: Guro J.Fosstveit okt.2010.