Bygdeborg frå folkevandringstida. I dag populær utfartsstad for bygdefolk og andre. Godt synlege restar av borgmuren. I vestre ende av borgmuren finst ansamlingar av kastesteinar (påvist av riksantikvaren). Eit sagn seier at her budde ein høvding som heitte Bratning.
KJELDER: |
Chr. Gunnhjem: Gammalt frå Telemork Peter Sevatdal |
Halvor Hem: Diktsamling fra Sauherad og Nes |
Steinar Ingebretsen |
GNR/BNR: 149/20 |
POSISJON UTM32: Øst:515085 Nord:6588761 |
SISTE ENDRING: 07.mar.2016 |
Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no Heimeside sauheradhistorielag.no |
Peter Sevatdal skriv i 2017 i Helsing: Bygdeborgene ligg stort sett høgt i terrenget, nokså nært gamle gardsanlegg, med nokre unntak. Bak Forberg skule i Øvre Bø, ligg Trellsborg. Den er dominera av fleire parallelle murar, kanskje «fotfeste» for palisadeliknande påleverk.
Det har vorte «opplest og vedtatt» frå tidleg 1800–tal at bygdeborgene var forsvars-tilfluktsanlegg. Få bygdeborger i Norge er undersøkt av fagfolk. Dei ligg som regel i ulendt utmark, nedrasa og overgrodd, men tydeleg nok å sjå for vakne turgåarar.
I Finnland er 36 av 95 bygdeborger grave ut av arkeologar. Den fremste finske forskaren er J.P. Taavitsainen. Han meiner anlegga har primært hatt militær bruk. Men dateringa er vanskeleg blant anna fordi ei rekke steinalderfunn er gjort i nokre bygdeborger.
I Sverige er registrera meir enn tusen «fornborger» og der er forska mykje meir, til dømes på doktorgradsnivå, med tilsvarande større litteraturtilfang. I Norge er ingen doktorgrad tatt på området av historiefaget.
På slutten av 1900 er det publisera forskningsresultat av Dagfinn Skree, (Romerike), Ingrid Ystgaard (Trøndelag) og frå vårt grannelag: Tryggve Bernt (Øvre Eiker), ei masteravhandling – «Bygdeborgene – tid for revurdering?».
Finske, svenske og norske forskarar sine funn og teoriar peikar i nye leier med omsyn til bygdeborgenes alder, funksjon og plass i samfunnet. Den vanlege tidfestinga av bygdeborgene har vore til folkevandringstida: 2 – 600 år e.Kr. Nyare funn og forskning tyder på ei utviding av bygge- og funksjonstida for bygdeborgene bakover til bronsealder.
I yngre jernalder/vikingtid ser bygdeborgene ut til å vera forlatne/ute av bruk. Dei er heller ikkje nemnde nokon stad i sagalitteraturen.
Nyare forskningsresultat og teoriar utvidar ramma for bruken av bygdeborgene utover den reint militære – tilfluktsfunksjonen. Dei kan ha vore bruka i utmarksnæringar som fèdrift-beiting, fangst, jakt, fiske, sanking av bær og liknande, metallutvinning og smiing. Murar
og palisadar var vern mot rovdyr og røvarar og heldt buskap samla nattestid.
Å vera herre over ei bygdeborg var eit symbol på makt og prestisje for slekta/stamma og ein stad for religiøse, rituelle og løynlege seremoniar. Gjennom det lange tidsrommet dei har eksistera, kan bruken ha variera med samfunnspolitiske tilhøve, maktstrukturar eller samferdsel frå bygd til bygd og til ting og torg.
Dei lokale bygdeborger i Bø og Sauherad varierar mykje: Blæksås, Bratningsborg, Vardeåsen og Trellsborg ligg nær gardsanlegg, høgt over lendet og vendt mot vassdrag.
Bygdeborgene ved Solbjørvatnet og den ved Nystulvatnet, Storehaug (Heddal), ligg langt frå dyrka mark og ferdselsårer i dag.
Men kvar fòr folk for 2000 år sidan med sine bører, kløvhestar og krøttørflokkar?
Over fjell og gjennom dalar, langs myrar og vatn til neste trygge nattelæger?
Bygdeborgene har stort sett vore i fred i 1500 år. Treverk har bronne eller rotna, murar rasa, skogen vokse etter ein og annan skogbrann. Bare i segner og eventyr har bygdeborgene si soge overlevd. Kanskje det er på tide å dra dei fram i lyset, forske og granske på også den delen av vår eldste historie?


Frå Bratningsborg. Foto: Torbjørn Ingebretsen aug.2012.