KJELDER: Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad bind V s.434 Utdrag fra Olav Klevers foredrag om bryggene i Sauherad i 2010. GNR/BNR: 100/5 POSISJON UTM32: Øst:512723 Nord:6577627 SISTE ENDRING: 29.jul.2019 Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no |
Vegen til Holte Brygge gjeng forbi garden Nedre Holte. Her var det sjenkeløyve i gamal tid. Dette tyder på at det var eit trafikknutepunkt her for ferdsel i gamle dagar. Det samme tyder at det om lag 200 meter nord for brygga, og ut mot Norsjø, ligg gravrøyser, og like ved røysene er det ei slette med heilt svar jord med kolrestar i.
Ned hit kjem og vegen frå Lunde over Holteheia og med den trafikken frå dei indre bygdene i gamle dagar. Blant anna blei brynesteinen frå Eidsborg i tidlegare tider til dels frakta denne vegen med hest over Holteheia og ned til brygga for vidare ferdsel på Norsjø med båt og så ut i den store verda. Ved Holtskog som ligg rett ved leia ned for Holteheia og langs vegen ellers, er det funne brynestein som har falle av hestelassa.
Folk frå Vest-Telemark som hadde fylgd vassvegen nedover, blei kalla fjellmenn. Stoa nede ved Norsjø kallast framleis Fjellmannsstoa. Frå tidlegaste tider da denne trafikken tok til og fram til vår tid, har det vore fleire bryggeanlegg på eigedomen.
Men tidene har forandra seg, og når dampskipstrafikken kom og trafikkera Norsjø utover andre halvdel av 1800-talet blei, saman med mange andre brygger i Sauherad, «nye» Holte Brygge bygd.
Etter søknad frå Thorbjørn H. Gurstad bevilga amtstinget i 1877 kr. 120 til fullføring av den «nye» Holte Brygge og i 1884 blei det bruka kr. 288 til utbetring av brygga. Bryggekonstruksjonen var som oftast utført i hoggen stein og med varierande høgde mot vatnet, slik at båtane kunne legge til på forskjellige stader, alt etter vannstanden. Av dette kom navnet flombrygge. Bryggene var utstyrt med pålar og krokar i jern for fortøying. I 1909 bevilga amtstinget kr. 700 til høgding og forlenging av brygga mot at oppsittarane og dei interesserte sjølve fylgde opp med kr. 300. I 50-årsmeldinga frå 1913 stend: «Dette arbeidet er ikke utført, da de private bidrag ikke er ytet».
I kanalstyremøte 10. januar 1958 blei dampskipsbrygga nedlagt.

Holte Brygge. Foto: Gunhild Haugerud 2003.