
KJELDER: Birger Kirkeby: Bygdebok for Sauherad bind V s.194 Christoffer Gunnhejm i «Gamalt fraa Telemork». GNR/BNR: 191/14 POSISJON: UTM32: Øst:509442Nord:6583227 SISTE ENDRING: 21.mai.2025 Kulturminnet er innlagt på Riksantikvarens nettside www.kulturminnesok.no |
Sjøbua blei bygd nede ved elva sydøst på Håtveits grunn i siste halvpart av 1600-talet. Sjøbua er ein eldgammal ferjestad og utgangspunkt for båttrafikk utelva og Norsjø mot Skien. Før dampbåtane kom frå midten av 1800-talet, var det 12 roskifte frå Sjøbua og til Fjærekilen med strekninga Sjøbua-Nesodden som det fyrste skiftet. Christoffer Gunnhejm skriver på 1890-tallet følgende i Gamalt fraa Telemork:
Et ferd til byen fyrr og no. « Statsraad Stang, fyrste baaten paa Telemarksvatnet «Nordsjaa» o.m.
«Du skulde vita soga att ein kornsekk fyrr i tidi, kor mange gonger dei maatte flytja han fraa hesteryggen og i baat (pram) og umvendt fyrr dei fekk han fram fraa kaupmannen og upp i fjellstugo», sa bisp Folkestad til meg eingong me for saman med eimbaaten uppyver Nordsjaa og talen fall paa gamle dagar daa dei rodde att og fram til byen. Og so fortalde biskopen korleis dei førde sekken fraa Skien yver Geiteryggen til Fjerekilen og vidare fraa roskifte til roskifte uppyver Nordsjaa um Ulefoss –Strengen eller yver Holte-heia til Saltevju og so vatsvegen att til Dalen fyrr dei endeleg kom heim med mjølposen langt uppe i fjellstugo! For bisp Folkestd, bondeguten fraa Bø og seinare kapellan i Kviteseid, hadde god greie paa alt dette, og det var forvitneleg aa høyre paa. Det var i sanning strævalt aa gjera ei byreis anten det var fraa Aust- eller Vest-Teløemarki i dei dagar, daa dei berre maatte ro. Gassgjevaren i Sjøbua i Nesherad t. d. hadde praamar eller smaabaatar aa leiga burt, og kunde tilsegja smaabøndar til roskyts ut Nordsjaa naar ein merkjekar eller ein bymann kom og vilde utyver til byen. Det pla jamleg vera tvo rorskarar til kvar skyts, og betalingi var 3 – 4 mark (Kr. 3,20) seinare upp til ein dalar for ei slik roskyts, og det var sverande slitsamt, dei laut ofte upp og ut i allslags ver. Sjøbua –Fjerekilen var rekna for stive 3 mil som vart bytt i 12 roskift. Fyrste roskifte ovanfraa var til ytste enden av Nesodden, 2dre fjordungsskifte til midt for Tjoveholmarne, 3dje Otternesodden, 4de Bjørnskind, 5te Galten, 6te Valøya, 7de Skiftnes, 8de Olsbryggja, 9de Monken, 10de Leirodden(Haukenesodden), 11te Hella og 12te til Fjerestranna. Ofte kunde det henda dei vart liggjande verfaste og maatte i land anien paa Monken, Olsbryggja eller ved Skiftsnes. Var det paa upptur, kunde bøndene leggja seg til aa drikka paa slike gjestgjevarstader, og det kunde vart slaasting og eit vilt liv naar dei raaka saman fra dei ymse bygdelag.
Men dei trong ikkje til aa kaupa so mykje i hine dagr, og gjorde difor ikkje so mange byferder likevel. Det var mest litt korn. Salt og noko kolonialvaror. Men so kom det store hendingi i aaret 1851 at det vart eimbaat paa Nordsjaa. Det var hjulbaaten «Statsraad Stang» med eit gylt løva i framenden, ein drusteleg baat som plaska i vatnet med skovlehjuli so det høyrdest lang veg. Føraren var kapt. Aslaksen. Det vart sagt at «Statsraaden» skulde koma uppyver fraa Fjerekilen, der han vart ihopsett, ein av dei fyrste dagarne i vika, og folk fraa Bø og Nes møtte upp ved Gvarv og andre stader ogvilde bisna. Baaten kom likevel ikkje fyrr lenger ute i vika, men daa kann du tru det vart stas og med skjoting og skriking.
Statsraaden gjekk upp til midt for Aslaksborg, so upp til Akkerhaugane, upp Saudielvi og radt til Tangen i Heddal. Seinare daa han kom i ruta, gjekk han upp til Gvarv, men elvi var her noko strid den gongen, og føraren ukjend, so daa baaten skulde snu att, dreiv han yver mot Skrivarberget midt for Teksten og skamfor den eine hjukbaken, so baaten vart liggjande paa Haugsgrunnen til andre dagen um morgonen.
Ein mann heitte Join Ellefson fraa Skien hadde sagt nokre arr fyreaat fenge ført ein lite fragtebaat fraa Graaten og upp Nordsjaa, og denne førde fragtegods millom Fjerestranna og Ulefoss og tente gode pengar. Like ein fekk den fyrste landhandlaren paa Gvarv, Edvard Sørensen, ein liten lastebaat til aa gaa med varor, men det var for smaatt stell og stetta ikkje kravi. Denna Sørensen gjorde det elles sværande godt, ja rika seg upp, so han let falla so stort eit ord at det var verre for graastein paa Gvarv en for pengar.
So var det daa «bidevindsseilads» i fuld gang paa Nordsjaa til stor undring for folk ibugderne. Det var eit dugelegt framstig og til stor lette, tykte dei. « Paket-fart» var no sett i gang til varetransport og passagerar. Men daa var det at Skiensbladet «Correspondenten» i 1848 sette fram krav u mein større eimbaat paa Nordsjaa. Mange var imot og meinte paa at det aldri vilde løna seg, men andre meinte jau, og til desse høyrde den trottuge og dugande amtmann Aall.
Det ende med at Nordsjø-dampskipsselskapet var skipa og tinga eit jarnskip i Newcasle, og det vart den nemde «Statsraad Stang». Han var 109 fot lang, 18 fot breid og stak 6 fot i vatnet. Baaten var so vakkert innreid at han med umsyn paa fint utstyr ikkje stod tilbakars for mange av dei baatarne som er i bruk no for tidi Stadsraad Stang fragta upp damps. St. Olav fraa Fjerestranna til Ulefoss. Nokre meiner dett var «Statsraaden» si fyrste reise, og seinare til Gvarv og til Tangen i Heddal som nemnd. Daa skrivar Holm skulde flytja fraa Sauland til Gvarv, tok Statsraaden flutningi med fraa Tangen. So var daa baattrafikken i full gang paa Telemarksvatnet Nordsjaa og roskytsen var meir sjeldsynte. ( Gunnar Lods paa Klostertangen leigde og burt praamar til dei som vilde ro ned til Porsgrunn eller til hr. kaupmann Blehr paa Stathelle). Snart synde det eg et ein baat ikkje var nok, og so kom Nordsjø, Lundetangen o. fl. Statsraaden tok dei hjulkassorne av og han vart seld. Han gjekk nokre aar som passagerbaat i Oslo-fjorden millom øyarne der. Sidan skulde han vorte seld att, og det vert sagt at han lasta med salt sokk utanfor Nordland. Der kvilar han daa paa havbotnen, og fisken gjeng ut og inn og snusar og undrar seg. Takk Statsraad for velgjort arbeid i Telamorki.
Ein Torbjørn Asbjørnsson Sjøbua døde i 1690 og Mette Sjøbuas dotter Anne i 1702. Mette Olsdt. Sjøbua blei g 1703 m Rotleiv Knutsson Gunheim. Løytnant Christopher Gothard Scheidener f ca. 1673 «paa Laaland», nemnd frå 1701, d 1737, g m Anne Margrethe von Holten f «paa Laaland», var iallfall i Sjøbua frå seinast 1708. I 1865 var det tre skilde hus på Sjøbua, gjestgjevarstaden, plassen Sjøbua til Nordistugu Håtveit 91/5 og Sjøbua, plass utan jord til Sudistugu Håtveit 91/11.

Sjøbua tidleg på 1900-talet. I bakgrunnen ser vi det fyrste bygget på Sagavoll. I framgrunnen er den gamle vegbrua som blei riven og erstatta med ny tidleg på 1960-talet.